Generell informasjon

REISEN

Handballfestivalen spelast hovudsakleg i Stord Idrettspark på Vikahaugane. Sjå kart for veibeskrivelse og plassering.



For bruk i GPS, kan denne linken nyttast: https://goo.gl/maps/UYuyF


OVERNATTING

Det er mange som ønske å overnatte og arrangøren setter pris på smidighet og behjelplighet frå alle som er med. Historia viser at det har gått bra i turneringa fram til no. Vær behjelpelig med at det også i år blir ei positiv oppleving.

Spelarar, trenarar og leiarar vert innkvartert på skular eller anna eigna innkvartering i nærområdet og litt utanfor festivalområdet. (Bussar vert sett opp). Hugs sovepose og liggjeunderlag (Ei enkel madrass pr./pers.!)

Når laget kjem til tildelt klasserom, må bord og stolar stuast vekk inne i same rom. Ta bildet av klasserommet før dere flytter på ting slik at det kan settes tilbake på samme plass. VIKTIG! Dei må ikkje plasserast slik at dei er til hinder ved ei krise, HUSK frie rømmingsvegar i tilfelle brann eller andre naudsituasjonar.

Alle må gjera seg kjend med rømingsvegar, nødutgangar, brannmeldarar og sløkkjeutstyr. Gå gjennom branninstruks som viser/forklarer felles samlingsplass i tilfelle ein naudsituasjon.

Det er strengt forbode å bruka open eld/røyking eller ballspel innandørs. Vær merksam på brannfaren ved grilling. Det er ikkje tillat med vann-ballongar på skulen sitt inne/ute område. Den enkelte lagsleiar er ansvarleg for at det er ro på romma i rimeleg tid om kvelden. Kl. 24.00 skal alle vera inne på rommet sitt! Boss skal samlast i sekkar (kan hentast ved vakta), og skal bringast til vakta.

Før avreise skal romma ryddast og kostast. Stolar og bord skal ryddast tilbake slik dei stod når de kom til rommet. Ingen lag drar frå skulen før klasserommet er inspisert/godkjent saman med vakta. Legg ikkje igjen pengar, mobileltelefonar eller andre verdisaker på rommet.

All bespisning som arrangør står for skal forgå i Turnkassen ved Stord Idrettspark. 

Respekter elevane som låner ut klasserommet sitt. La dei koma attende til eit like fint rom etter endt handballfestival.

 

TRYGGLEIK

Det vert lagt stor vekt på tryggleiken til deltakarane. Foreldre og klubbar som sender born og ungdom til Stord under Handballfestivalen skal veta at tryggleiken er ivareteken. Handballfestivalen er sjølvsagt eit rusfritt arrangement.

Dersom brannalarmen går skal ein forlata skulen straks. Lagleiar skal samla laget sitt utanfor skulen (på avtala samlingsplass eller ved flaggstang på skuleplassen). Lagleiar er ansvarleg for oppteljing av sine lag og melder tilbake til vaktene.

NB!! ALLE LAG MÅ PAKKA OG SJEKKA UT ROMMA SINE INNAN KL. 10. PÅ MANDAG!

 

MAT

Frukost og middag vert servert i Turnkassen ved Stord Idrettspark.

Laurdag, Frukost: 06:30 - 10:30 Middag: 13:00 - 17:00

Sundag, Frukost: 06:30 - 10:30 Middag: 13:00 - 17:00

Måndag, Frukost: 06:30 - 10:00 Middag: 12:00 - 15:00

Middager vil bli Taco, kjøttkaker og lapskaus.

 

Allergi av et eller annet slag?

Kjøkkenet ordner det meste, men de må få beskjed i god tid.

Fint om dere så snart som mulig registrere dette i påmeldingsløsningen. (Registrer spilleren og klikk av for allergi.)

 

STEMNEKONTOR

Stemnekontoret er i Nyehallen, forbi sjølve hallen i Konferanseavdelinga. Her får du hjelp til det meste.

 

PARKERING

Informasjon om parkering kjem.

Det er kun bilar med adgangskort som har løyve til å kjøra innpå festivalområdet – dette ber me alle respektera. Dei med campingvogn må venda seg til sekretariat for tilvisning av plass. Med ber alle respektera at Bjellandsvegen og område rundt brannstasjonen ikkje skal nyttast til parkering (hugs at brannbilane må ha fri utgang).