PRESSEMELDING FRÅ HANDBALLFESTIVALEN
09.04.2021
Det er med eit tungt hjarte at me må avlyse Handballfestivalen for andre år på rad.

Etter at regjeringa la fram planen for den gradvise opninga av samfunnet, vart det klart at me ikkje har nokon moglegheit til å arrangera Handballfestivalen i pinsen. Regjeringa sin plan for gjenopning plasserar pinsen i beste fall i fase 2, og det er først i fase 3 at det vert opna for konkurranse på tvers av kommunegrenser.

Handballfestivalen er eit stort arrangement som alltid vert arrangert over fire dagar i pinsen. Me vil heller ikkje lage konfliktar med andre turneringar, så me vel difor å avlyse framfor å utsette festivalen til seinare i 2021.

Alle påmeldte lag vil få refundert innbetalte påmeldingsavgifter i løpet av april.

Alle me i Handballfestivalen ønsker å sende ein varm helsing til alle spelarar, trenarar, dommarar, foreldre, dugnadsgjengar, frivillige hjelparar, sponsorar, Stord-samfunnet, Stord kommune og Handball-Norge for øvrig. Me kjem til å sakna dykk minst like mykje i år som i fjor – og me lovar at me allereie no startar jobben med å planlegge ein heidundranes gjenforening i pinsen 2022!

Spørsmål og henvendingar kring pressemeldinga kan rettast til festivalsjef.

Kjartan B. Grov
Festivalsjef Handballfestivalen
Mobil: 93 44 98 64
Epost: [email protected]
My registrations 0
136 teams registered in 27 categories

Handballfestivalen 2021 is finished

Generell informasjon
Prisar, betaling og fristar
Turneringsreglar
Bobil / Campingvogn
Festivalprogram
Kart