Logo
My teams 0

Ørsta Cup 2021 is finished

Velkomen til Sparebank1 Ørsta Cup 2020
Generell informasjon

SPAREBANK1 ØRSTA CUP 2021

Mini - 20 år

Velkomen til Sparebank1 Ørsta cup, 16-18 april 2021! I 2019 hadde Ørsta handball sin fyrste store handballcup, i 2020 fekk vi dessverre ikkje hatt nokon cup grunna covid-19. Vi håper derfor at vi i år endeleg igjen kan få samla masse handballglede i Ørstahallen. For klassane frå 12 år og eldre vert det ei grense på maks fem lag, så meld på laget no!

Ørsta handball har gleda av å invitere dykk til handballcup, 16-18 april. Med Sparebank1 og andre støttespelarar i ryggen, føler vi oss trygge på at vi også denne gongen skal få spredt handball glede i Ørstahallen. Ørsta handball er svært opptatt av å følgje dei smitteverns råd og reglar som blir gitt.

Alle påmeldte lag bli informerte etter kvart som eventuelle råd og reglar kjem.

Hovudfokuset vårt denne helga er at alle lag skal oppleve Ørsta cup som eit trygt og positivt arrangement, både på og utanfor bana!

Med tre speleflater legg vi opp til ein rask og effektiv avvikling av kampprogrammet. Mellom kampane vil ein kunne kjøpe seg noko å tygge på eller ein kopp kaffi i ein av kioskane samt at der vil være aktivitetar både inne og ute, som for eksempel:


Ulike konkuransar inne og ute med fine premiar

Grilltelt

Kiosk

Kveldsarrangement fredag og laurdag


Handball party på kveld, kom og lys opp dansegolvet i dei ulike handballdraktene:

Fredag kveld 1830-2000: 6-9år- handball disko (Påmelding)

Laurdag kveld 1800-1930: 10-13år- handball disko (Påmelding)

Laurdag kveld 2100-2300: 14-20år, (påmelding)

Meld dykk på i dag, så skal vi bruke tida framover til å fylle helga med moro- både på og utanfor handballbana!


Klasseinndeling: Antal spelarar, speletid og påmeldingsavgift

Alle lag får spele minimum fire kampar.

Jenter/Gutar f. 2012, 2013 og 2014 : * 4 spelarar 1 x 13 minutt kr. 500,-

Jenter/Gutar f. 2010 og 2011: 5 spelarar 1x20 minutt kr. 1200,-

Jenter/Gutar f. 2008 og 2009 : 6 spelarar 2x13 minutt kr. 1500,-

Jenter/Gutar f. 2006 og 2007: 7 spelarar 2x13 minutt kr. 1500,-

Jenter/Gutar f. 2005 og 2004: 7 spelarar 2x16 minutt kr. 1500,-

Jenter/ Gutar f. 2002 og 2000: 7 spelarar 2x16 minutt kr. 1500,-

NB! Alle spelarar må ha minimum deltakarkort C, sjå nedanfor.


Deltakarkort

Alle spelarar må betale for minimum C-kort, dette inkluderar underhaldning og t-skjorte. Korta betalast til Ørsta Handball sin konto frå påmeldinga i Profixio, seinast 10. april .

NB! Ved eventuelle allergiar, ta kontakt pr. e-post : [email protected]

Type kort/pris Inkluderer

A-kort/ kr. 650,- : Overnatting laurdag til søndag, middag og kveldsmat laurdag, frukost søndag. Underhaldning og t-skjorte

B-kort/ kr. 500,- : Middag laurdag, underhaldning og t-skjorte

For begge korta A og B, er ein lagleiar inkludert. For lagleiar 2 og fleire gjeld deltakarkort E og F lagleiarkort.

C-kort kr. 250,- T-skjorte og underhaldning.

D-kort/ lagleiarkort kr 400,- : Overnatting laurdag til søndag, middag laurdag og frukost søndag.

E-kort/ lagleiarkort kr 100,-: Middag laurdag

Frist for påmelding: 01.April

Lag som trekk seg etter 10. April, får ikkje refundert påmeldingsavgifta. Ved kansellering vert avgift og andre kostnadar refundert.

Påmeldingsavgift og deltakarkort betalast i Profixio.

Følg turneringa på Facebook: https://www.facebook.com/orstacup/


Reglement

Turneringa vert spelt etter NHHF sine spelereglar og turneringsreglement.

Unntak: 1) Ingen lagstime-out. 2) Ingen time-out ved utvisningar. Dommarane vurderer om det er nødvendig med stopp av speletid. 3) Kvart lag kan stille med inntil 14 personar. 4) Det er kun høve til å spele på eitt lag i same klasse.

Overnatting for foresatte og andre: Ørsta Camping tlf 70 06 64 77. Hotel Ivar Aasen tlf. 70 04 51 00.

Overnatting for spelarar : Ørstahallen og skulane i Ørsta sentrum. ( Skulane ligg ved sidan av Ørstahallen , 1min gå avstand).

Servering

Vårt mål er å kunne tilby næringsrik og god mat til alle våre deltakarar , vi tilbyr frukost , middag og kvelds til alle våre overnattande lag. Om ein ikkje ønsker å nytte seg av eit eller fleire måltid ber vi dykk om å gi ei tilbakemelding om dette.

Kontakt oss gjerne

Turneringsleiar: Marlén Thunem Raudøy 48271390 [email protected]

Kampoppsett: Sven Castberg, 47481211. svencastber[email protected]