Velkomen til Sparebank1 Ørsta Cup 2020

SPAREBANK1 ØRSTA CUP 2020

Mini - 12 år.

Ørsta handball har også i 2020 gleden av å invitere til handball cup , Fredag 17-19 April. Med Sparebank 1 og andre støttespelarar i ryggen , føler vi oss trygge på at vi også denne gongen skal få spredt handball glede i Ørsta hallen.

Fokuset vårt er at alle lag skal oppleve Ørsta cup som eit positivt arrangemang , både på og utanfor bana! 

Med tre speleflater legg vi opp til ein rask og effektiv avvikling av kampprogrammet. Mellom kampane vil ein kunne delta på forskjllige aktivitetar som for eksempel

* Div. konkurransar med premiering

* Hoppeslott

* kiosk

* Grill telt

Laurdagskveld vil der bli underhaldning på kveldstid i Ørstahallen for aldersgruppene 6-9 år og 10-13år , meir info om dette kjem etterkvart. Meld dykk på i dag, så skal vi bruke dei neste vekene til å fylle helga med moro – både på og utanfor handballbana!  

 

Klasseinndeling Antal spelarar, speletid og påmeldingsavgift

 Jenter/Gutar f. 2010, 2011 og 2012 : * 4 spelara 1 x 13 minutt kr. 500,-

 Jenter/Gutar f. 2008 og 2009 og 2010*: 6 spelara 1x20 minutt kr. 1200,-

 Jenter/ f. 2007 : 7 spelara 2 x 13 minutt kr. 1500,-

Gutar f. 2007: 7 spelara. 2x13 minutt. Kr 600,- (Vi vil ha fleire gutar i handballen…..)

NB! Alle spelarar må ha ha minimum deltakarkort D, sjå nedanfor.

* 2010-lag som vil spele på heil bane må melde seg på med 6 spelarar og betale kr. 1200,- i påmeldingsavgift.

DELTAKARKORT :

Alle spelarar må betale for minimum D-kort, dette inkluderar underhaldning og t-skjorte. 

Korta betalast samla frå laga/ klubben til Ørsta Handball sin konto frå påmeldingen i Profixio , seinast 01.April .

Merk betalinga med klubb  og lag. Påmelding og bestilling av kort: https://www.profixio.com/reg/orsta-cup-2019


NB! Ved enetuelle allergiar, ta kontakt pr. e-post : [email protected]


Type kort/pris Inkluderer

 A kort/ kr. 750,- : Overnatting fredag til søndag, kveldsmat fredag, frukost,middag og kveldsmat laurdag, og frukost søndag, underhaldning og t-skjorte

B kort/ kr. 650,- : Overnatting laurdag til søndag, middag og kveldsmat laurdag, frukost søndag. Underhaldning og t-skjorte

C kort/ kr. 500,- : Middag laurdag, underhaldning og t-skjorte

For begge korta A ogB, er ein lagleiar inkludert. For lagleiar 2 og fleire gjeld deltakarkort E og F lagleiarkort.

D kort kr. 250,- T-skjorte og underhaldning.

E kort/ lagleiarkort kr 400,- : Overnatting laurdag til søndag, middag laurdag og frukost søndag.

F kort/ lagleiarkort kr 100,- : Middag laurdag


Spelesystem: Alle lag får minimum 4 kampar.

Turneringa startar Fredag kl. 18:00, og vert avslutta seinast søndag kl. 19:00.

Spelarar fødd 2010, 2011 og 2012 , spelar på kort bane, fødd 2009 og 2008 spelar på vanleg bane, med nedsenka tverrliggar, 5 utespelarar + målvakt. 

12-åringane spelar i puljer på minimum 4 lag med A-sluttspel for dei beste.

Klubbane kan delta med fleire lag i kvar klasse, men ein spelar kan kun spele på eit lag i same klasse. 

Dispensasjonar i seriane gjeld i turneringa, men kun ein spelar på bana til same tid.

Premiering: 12 år, pokal frå 1-3 plass. Premiar til alle spelarar i turneringa.                    

For å kunne tilrettelegge best muleg for tilreisande lag , ber vi dykk om å sende eventuelle ønsker ved påmelding.

Påmeldingsfrist: 27.Mars

Påmelding er fyrst gyldig når påmelding er betalt. Lag som trekk seg etter 01. April, får ikkje refundert påmeldingsavgifta.

Lag som trekk seg etter 1. april, får eit gebyr på kr. 2.500 for spelare født 2007-2009 (2010*), kr . 1.500 for spelare født etter 2009 (2010*).

Påmeldingsavgift betalast til konto: 3992.30.48956

Følg turneringa på Facebook: https://www.facebook.com/orstacup/


Reglement:

Turneringa vert spelt etter NHHF sine spelereglar og turneringsreglement.

Unntak: 1) Ingen lagstime-out. 2) Ingen time-out ved utvisningar. Dommarane vurderar om det er nødvendig med stopp av speletid. 3) Kvart lag kan stille med inntil 14 personar. 4) Det er kun tillatt å spele på eitt lag i same klasse. 

Overnatting for foresatte og andre: Ørsta Camping tlf 70 06 64 77. Hotel Ivar Aasen tlf. 70 04 51 00.

Overnatting for spelarar : Skulane i Ørsta sentrum. ( Skulane ligg ved sidan av Ørsta hallen , 1min gåavstand).

MAT :

Vårt mål er å kunne tilby næringsrik og god mat til alle våre deltakarar , vi tilbyr frukost , middag og kvelds til alle våre overnattande lag. Om ein ikkje ønsker å benytte seg av eit eller fleire måltid ber vi dykk om å gi ei tilbakemelding om dette.

Kontakt oss gjerne :

Turneringsleiar: Marlén Thunem Raudøy 48271390 [email protected]

Kampoppsett: Sven Castberg, 47481211. [email protected]