SPELEREGLAR FOR 3ar FUTSAL – EXTRA CUP

Bygger på NFF sine Spelereglar og retningslinjer for spel på små baner


ANTAL SPELARAR

  • Det vert anbefalt ein spelartropp på maks fem spelarar pr lag. Ein nyttar tre spelarar på kvart lag samstundes.
  • Kampane spelast utan keeper. NB! Vi oppmodar lagleiarar til å passe på at ingen av spelarane blir ståande «som keeper» framfor eige mål.
  • Spelarar kan byttast inn når som helst (flygande innbytte).
  • Dersom eit lag leiar med fire mål eller meir, kan motstandaren sette innpå ein ekstra spelar.


BALLEN I OG UTE AV SPEL

  • Ball utover sidelinje – set i gang med innspark ca 1 meter frå vantet.
  • Ball bak mållinje – set i gang med målspark ca 1 meter frå mål. NB! Ingen hjørnespark.


FRISPARK /DØDBALL/AVSPARK

  • Avspark frå midten når kampen startar, og etter scoring. Ein kan ikkje score mål direkte frå avspark.
  • Alle frispark er indirekte – frispark i målgården blir trekt 5 meter ut. Dvs ein dømmer ikkje straffespark.
  • Vi dømmer frispark når ein spelar
  • feller ein motspelar
  • held eller dytter ein motspelar
  • tek ballen med handa (med forsett)
  • gjer noko som kan vere farleg for dei andre spelararane
  • held seg i vantet med hendene for å oppnå ein fordel
  • Alle former for sklitakling – også skliing for å blokkere ball – er forbudt.
  • Dersom ballen blir låst fast lenger enn 5 sekund, t.d. mot vantet, dømmer ein dropp på midten av bana.
  • Ved alle dødball situasjonar (avspark, frispark, innspark, målspark, dropp) skal motstandar vere minimum 3 meter frå ballen.


Gode haldningar er viktig å lære frå starten av, difor står FAIR PLAY i høgsete! Hugs at det er ungane som speler og dommarane som dømmer (veileder).