REGLEMENT
- Det blir spelt etter reglane frå Norges Handballforbund.
- Ved draktlikskap byter det laget som står oppført sist i kampoppsettet.
- Laga har sjølv ansvar for å ha med reservedrakter eller vester.
EIGNE REGLAR
- Det er ikkje tillate med lagstimeout.
- Kampar blir berre stoppa ved skadar.
- Det laget som står først i kampprogrammet, står på venstre banehalvdel sett frå banesekretariatet og har avkast. Sekretariatet stiller med kampball.
- Jenter kan ikkje spele på guttelag frå og med 13 år.
- Det er tillate å bruke inntil 15 spelarar per kamp.
KLASSANE 9–10–11–12
Aktivitetsserie. Ingen kåring av klassevinnar.
Antall spelarar på bana:
- 9 - 10 år: Målvakt + 4 spelarar
- 11 - 12 år: Målvakt + 5 spelarar
Speletid:
- 9 - 11 år: 1 x 15 min
- 12 år: 1 x 18 min
Premiering:
- Alle spelarane blir premierte med deltakar-medalje.
KLASSANE 13–14–15–16–20
Innleiingsvis blir det spelt enkel serie i puljer.
Alle laga går vidare til sluttspel, A og B.
Sluttspelet blir spelt som cup.
Speletid:
Premiering:
- Premiar til dei to beste laga i kvar klasse.
- Klassevinnarar får pengepremie.
- Finalelag får lagpremie.
- Vinnar av eventuelt B-sluttspel får premie.
DISPENSASJONSSPELARAR
Det er tillate med inntil 1 dispensasjonsspelar per lag.
Dersom spesielle grunnar ligg føre, kan turneringsleiinga gjere unntak frå denne regelen.
Det kan i spesielle tilfelle bli gitt løyve til at eit lag kan spele med fleire dispensasjonsspelarar. Dette laget vil då automatisk bli sist i innleiande pulje. Dei får spela første kamp i sluttspel, men taper denne uansett resultat. Øvrige lag i pulja vil bli informerte særskilt.
BALLSTORLEIKAR
- J9/ G9: Ball 00
- J10 /J11 /J12 /G10 /G11 /G12: Ball 0
- J13 / J14 / G13 / G14: Ball 1
BEREKNING AV REKKEFØLGE VED INNLEIANDE PULJESPEL
Puljespelet blir avgjort etter § 14-18-5.
Ved poenglikskap blir rekkefølga avgjort etter Profixio sine standardreglar:
- Poeng i innbyrdes kampar
- Målforskjell i innbyrdes kampar
- Flest scora mål i innbyrdes kampar
- Målforskjell i alle spelte kampar i pulja
- Flest scora mål i alle spelte kampar i pulja
AVGJERSLE VED UAVGJORT KAMP I SLUTTSPEL
Ved uavgjort kamp i sluttspel blir det spelt inntil 5 minutt, deretter «sudden death».
Viss det framleis ikkje er ein vinnar etter 5 min, blir kampen avgjort ved loddtrekning – på bana.
Overtid blir sett i gang etter myntkast. Det laget som vinn myntkastet, startar med ballen i første 5-minuttsperiode. Ved eventuell "sudden death" startar det andre laget med ballen.
JURY
Jury blir oppnemnd og består av tre personar.
PROTESTAR
Eventuelle protestar skal leverast til turneringssekretariatet straks etter kampslutt.
Protestgebyr: kr 800,-
DOMMARAR
Alle dommarar blir rekna som nøytrale. Det blir, om mogleg, sett opp to dommarar til kvar kamp.
ALKOHOL OG RUSMIDDEL
Under turneringa, og på reise til og frå turneringa, er alkohol og rusmiddel strengt forbode.
Lag som ikkje held seg til forbodet, vil bli rapporterte.
ORDEN OG OPPFØRSEL
Det er mange spelarar og leiarar samla under denne turneringa.
Vi ber alle ta ansvar for at det blir halde orden i garderobar og i områda rundt hallane.
Vi forventar også at det blir halde god orden på skulane.
Minst ein vaksen skal overnatte saman med laget.
FORSIKRING
Alle spelarar i aktivitetsklassane (J/G 10–12) er forsikra gjennom betalt klubbmedlemskap.
Alle spelarar i konkurranseklassar (J/G 13–16 – f. 2010 eller seinare), må ha betalt spelarlisens for å delta i turneringar og vere dekt av forsikring. Lisenskontroll kan skje utan varsel.
Det blir minna om at bruk av rusmiddel i alle former er forbode.
Brott på dette regelverket fører til umiddelbar utestenging/bortvising og rapport til NHF.