post image
Informasjon og reglement
Velkomen til Sparebank1 Ørsta cup, 21.-23. april 2023. 

Ørsta Handball har gleda av å invitere dykk til handballcup for spelare i alderen 6-14 år.

Med Sparebank1 og andre støttespelarar i ryggen, føler vi oss trygge på at vi også denne gongen skal få spredt handballglede i Ørstahallen. 

Fokuset er at alle spelare og lag skal oppleve Ørsta Cup som eit trygt og godt arrangement, både på og utanfor bana! 

Med tre speleflater legg vi opp til ein rask og effektiv avvikling av kampprogrammet. Mellom kampane vil ein kunne kjøpe seg noko å tygge på eller ein kopp kaffi i ein av kioskane. Det vil være aktivitetar både inne og ute, mellom anna: 

Ulike konkuransar inne og ute med fine premiar 
Grilltelt 
Kiosk 
Kveldsarrangement laurdag (9-14 år) kl 19:00-21:00. 
Minidisko på laurdag (6-8 år) kl 17:00-18:30. 

Kom og lys opp dansegolvet!

Meld dykk på i dag, så skal vi bruke tida framover til å fylle helga med moro- både på og utanfor handballbana! 

Klasseinndeling: Antal spelarar, speletid og påmeldingsavgift for laga.

Alle lag får spele minimum fire kampar. 

Jenter/Gutar f. 2014 , 2015  og 2016 : * 4 spelarar 1 x 13 minutt kr. 400,- 
Jenter/Gutar f. 2012 og 2013:  5 spelarar 1x20 minutt kr. 1000,- 
Jenter/Gutar f. 2010 og 2011 : 6 spelarar 2x13 minutt kr. 1200,- 
Jenter/Gutar f. 2008 og 2009: 7 spelarar 2x13 minutt kr. 1500,- 

NB! Alle spelarar må ha minimum deltakarkort E, sjå nedanfor. 

Deltakarkort
Alle spelarar må betale for minimum E-kort, dette inkluderar underhaldning og t-skjorte. Korta betalast til Ørsta Handball sin konto frå påmeldinga i Profixio, seinast 10. april . 

NB! Ved eventuelle allergiar, ta kontakt pr. e-post : [email protected] 

Type kort/pris Inkluderer

A-kort/ kr. 600,- : Overnatting fredag til lørdag, frukost laurdag og middag laurdag. Underhaldning og t-skjorte. Ein lagleiar inkludert. 

B-kort/ kr. 600,- : Overnatting laurdag til søndag, middag og kveldsmat laurdag, frukost søndag. Underhaldning og t-skjorte. Ein lagleiar inkludert. 

C-Kort/ kr. 750,- : Overnatting fredag til søndag, frukost, middag og kveldsmat laurdag, frukost søndag. Underhaldning og t-skjorte. Ein lagleiar inkludert. 

D-kort/ kr. 450,- : Middag laurdag, underhaldning og t-skjorte. Ein lagleiar inkludert. 

E-kort/ Kr. 250,-  : Underhaldning og t-skjorte. For mini, bestill Minikort. 

F-kort/lagleiarkort kr. 400;- Overnatting for ekstra lagleiar. Ink måltid saman med lag. 

G-kort/lagleiarkort kr. 100,- Middag laurdag. 

For alle korta A, B og C er ein lagleiar inkludert. For lagleiar 2 og fleire gjeld deltakarkort F og G. 

Minikort kr. 175,-T-skjorte og underhaldning. For mini, fødd 2014, 2015 og 2016. 

Frist for påmelding: 31. mars. Tjenester må bestilles senest 1.april.

Lag som trekk seg etter 10 april, får ikkje refundert påmeldingsavgifta. Ved kansellering vert avgift og andre kostnadar refundert. 

Påmeldingsavgift og deltakarkort betalast i Profixio. 

Følg turneringa på Facebook: https://www.facebook.com/orstacup/ 

Reglement

Turneringa vert spelt etter NHHF sine spelereglar og turneringsreglement. 

Unntak: 1) Ingen lagstime-out. 2) Ingen time-out ved utvisningar. Dommarane vurderer om det er nødvendig med stopp av speletid. 3) Kvart lag kan stille med inntil 14 personar. 4) Det er kun høve til å spele på eitt lag i same klasse. 

Overnatting for foresatte og andre: Ørsta Camping tlf 70 06 64 77. Hotel Ivar Aasen tlf. 70 04 51 00. 

Overnatting for spelarar : Ørstahallen og skulane i Ørsta sentrum. ( Skulane ligg ved sidan av Ørstahallen , 1min gå avstand). 

Servering

Vårt mål er å kunne tilby næringsrik og god mat til alle våre deltakarar.  Vi tilbyr frukost, middag og kvelds til alle overnattande lag. Om ein ikkje ønsker å nytte seg av eit eller fleire måltid ber vi dykk om å gi ei tilbakemelding om dette. 

NB! Husk å melde fra om eventuelle allergier. 

Kontakt oss gjerne

Turneringsleiar: Marlén Thunem Raudøy 48271390 [email protected] 
Kampoppsett: Sven Castberg, 47481211. [email protected] 

Velkomen til Ørsta Cup 2023!