Nærbø idrettslag inviterer med dette til den 41. vinterserien i klubben sin historie.
Sparebanken Norge-serien er treningskampar sett i system, i ein periode der det ikkje skjer så mykje i fotballen. Alle lag er garantert minst tre kampar, og dei beste laga i kvar pulje går vidare til sluttspel.
Alle lag i Rogaland «sør for Boknafjorden» er velkomne til å melde seg på.
Vinterserien begynner i midten/slutten av januar og finalane vert spelt 19 – 21 mars 2027 og 9-11 april på Nærbø. Kva lag som spelar kva helg vert lagt ut saman med kampoppsettet første veka i januar.
Les reglementet nøye før du melder på lag, det er nokre justeringar frå i fjor.
PÅMELDING
Påmelding skjer via Profixio (Sparebanken Norge-serien 2027 - Profixio) innen tirsdag 8. desember 2026 kl. 23.59.
Link til påmelding finn de òg på www.narboil.no og Facebooksida («Sparebanken Norge-Serien – Nærbø idrettslag sin vinterserie»).
Det er viktig at den personen som vert registrert i Profixio er laget sin faktiske kontaktperson. Det er mogleg å legge inn fleire kontaktpersonar om ønskelig.
I 2027 har vi i følgjande klasser: J13, J14, J15 og J17 G13, G14, G15, G16 og G19. Vi ønsker ikke at 12 års lag skal melde seg på denne turnering.
Bakgrunnen er NFFs regler og retningslinjer for barnefotball. Barnefotball gjeld til og med det året speleren fyll 12 år. For 11–12-årsklassen seier NFFs breddereglement § 6-5 at det ikkje skal kåras turneringsvinner. NFFs retningslinjer for turneringsdeltakelse presiserer dette som at 11–12-åringer skal spele utan sluttspell og rangering. Dersom det er premiering, skal alle deltakerne ha lik premiering.
Fra det året speleren fyller 13 år går dei over i ungdomsfotballen. Da åpner NFFs retningslinjer for sluttspill og rangering, og premieringen er opp til arrangøren. Det er derfor naturleg at Vinterserien skill mellom 12-årsklassen og klassene fra 13 år og oppover når det gjelder sluttspill.
13-årslaga spelar 9’ar-fotball, alle dei andre spelar 11’ar-fotball. Det vert ikkje gitt dispensasjon til å stille lag med færre spelarar.
Det er tre nivå i kvar klasse.
Påmeldingsavgift kr 1200,- per lag.
Administrasjonsgebyr kjem i tillegg.
Faktura vert generert automatisk i Profixio. Husk å hente ut faktura og send den til rette vedkomande i klubben!
Dersom eit lag vert trekt etter at kampoppsettet er klart vert klubben belasta med eit gebyr på kr 500,- i tillegg til påmeldingsavgift.
NIVÅINNDELING
Laga melder seg på i det nivået ein meiner ein høyrer heime, frå 1 – 3, der 1 er best. Når påmeldinga er stengt vil det vere mogleg å sjå kva lag som er påmelde i kva nivå. De vil då kunne gjere endringar, om de ser at nivået er feilvurdert. Målet er at laga i same nivå skal vere så jamne som mogleg, og vi ber om ei realistisk vurdering av nivået for å oppnå dette. Vi oppfordrar om å velje det høgaste nivået om det står mellom to nivå. Sjå på det som god trening og kartlegging fram mot seriestart.
Dersom det ikkje er nok påmelde lag i ei klasse/nivå forbeheld vi oss retten til å gjere endringar i dialog med dei laga det gjeld.
PULJESPEL
Kvart lag spelar minst tre kampar. Ein av desse kampane kan vere ein sluttspelkamp. Det vert spelt enkel serie. Laget som er oppført først har heimebane.
Laga vert innbyrdes einige om kamptidspunkt, og heimelaget oppdaterer kamptidspunktet i Profixio så snart dette er avtalt. Kamptidspunktet som ligg i Profixio opprinnelig indikerer kun kva veke kampen er forventa spelt.
Heimelaget skaffar, og betalar for dommar. Kretsdommarar er å foretrekke, men gode klubbdommarar kan òg brukast.
SLUTTSPEL
Det er eige sluttspel for kvart nivå i kvar klasse.
Fram til semifinalane vert kampane spelt på dei møtande laga sine respektive heimebaner.
Laga vert innbyrdes einige om kamptidspunkt, og heimelaget oppdaterer kamptidspunktet i Profixio så snart dette er avtalt. Kamptidspunktet som ligg i Profixio opprinnelig indikerer kun kva veke kampen er forventa spelt.
Heimelaget skaffar, og betalar for, dommar.
FINALE
Finalane vert avvikla på Nærbø. Her sørger arrangør for dommarar. Alle finalane vert spelt 19-21 mars / 9-11 april på Nærbø. Kva lag som skal spele kva helg vert offentleggjort saman med kampoppsettet. Finalane blir kun flytta i særskilde tilfeller, t.d. om laget har andre obligatoriske kampar.
REGLEMENT
Det vert spelt med utgangspunkt i NFF sitt gjeldande reglement. Gule kort vert strøkne etter kvar kamp, rødt kort medfører minst éin kamp karantene. Heimelaget har ansvar for å melde inn røde kort saman med resultat, desse skal òg meldast inn til kretsen av dommar i kampen, evt. arrangørlag.
Det er ikkje tillate med lånespelarar.
Spelar på veg til anna klubb kan søkast om til oss, dersom tidlegare klubb gir midlertidig spelegodkjenning (p.g.a. speleforsikring ved evt. skade).
Dersom eit lag uteblir frå éin kamp vert resultatet 3 – 0 til det andre laget. Dersom eit lag uteblir frå meir enn éin kamp vert det rekna som at laget har trekt seg, og alle laget sine resultat blir strøkne. Om eit lag trekk seg vil det òg tilkome eit gebyr på 500 kr.
Av omsyn til dei andre laga vert det forventa at alle strekker seg for å greie å stille til kamp til oppsett tidspunkt.
Dispensasjonar gitt av kretsen for sesongen 2027 for ordinært seriespel vil òg vere gyldig i Sparebanken Norge-serien.
Alle lag skal kunne stille med bane i forsvarleg stand til sine heimekampar.
Dersom lag har lik draktfarge skal laget som står oppført som bortelag bytte drakt eller nytte vest. Bortelaget har sjølve med vest.
Ved uavgjort resultat etter ordinær tid i sluttspelet skal kampen avgjerast på straffespark. Først fem straffer per lag, og så éi og éi straffe dersom resultatet framleis er likt.
Det kan totalt nyttast inntil tre spelarar som blei nytta på andre lag i same aldersklasse i siste vinterseriekamp. Intensjonen er at ein skal greie å stille lag, ikkje at laga skal prestere betre enn det nivået ein er påmeldt i.
Ein turneringsjurye leia av Morten Nærland har siste ord dersom det er usemje om tolking av reglar, konsekvensar av røde kort osv.
SPELETID
13 og 14 år: 2 x 35 min
15, 16 og 17 år: 2 x 40 min
19 år: 2 x 45 min
PREMIERING
I alle klasser vert det delt ut pokal til 1. og 2. plass i alle sluttspel. Evt. individuell premiering avgrensar seg til 20 spelarar/leiarar per lag.
INNMELDING AV RESULTAT
Heimelaget sin kontaktperson melder inn kampresultat i Profixio umiddelbart etter kampslutt.
DU SOM MELDER PÅ ER ANSVARLEG FOR
• At riktige kontaktpersonar vert registrert i Profixio
• At faktura vert betalt innen fristen
• At laget vert meldt på i riktig nivå, så langt det er mogleg å vurdere
• At reglementet vert fulgt
• At kamptidspunkt vert avtalt med motstandarlag i så god tid som mogleg
• Å vere fleksibel om kampar må flyttast grunna t.d. snø
• At nøyaktig kamptidspunkt for heimekampar vert lagt inn i Profixio så snart det er avtalt • At resultat for heimekampane vert lagt inn så snart kampen er ferdig spelt
• Å skaffe dommar til heimekampar
Ved hastespørsmål sportslig ring sportslig leder Morten , tlf. 932 58 789, for andre ikke sportslige hastesaker kontakt Silje (kontortid 9-15) 413 57 495