Delta på den fyrste to-ballturneringa i Norge? Super avslutning på volleyballsesongen! Intensive kampar. Kva lag er taktisk best? Kven har best samarbeid? Kven har best oversikt kor det er lurt å spela ballen til kvar ei tid i kampane? Dette må berre testast ut laurdag 27.april!
6 spelarar på bana. 3 spelarar av kvart kjønn. Laga må dømma kvarandre.
Reglar:
Må vinna begge ballane for å få poeng.
Er ikkje lov å smasha. Har lov å hoppa og dippa ballen.
Begge lag rullerer for kvart poeng.
Turnering med maks 12 lag. Fyrstemann til mølla. Puljespel + sluttspel. Premiering.
Kampoppsettet blir publisert på profixio nokre dagar etter at påmeldingsfristen har gått ut.
Påmeldingsavgift: 1200 kr pr lag. Betaling på vipps ved oppmøte eller innbetaling på konto 3530 22 03049. Hugs å merka betalinga med namn på laget og klasse.