CUPREGLEMENT ULSTEIN CUP 2023
 
Reglement 

NHF-reglement vil bli følgt, med unntak av speletid og timeout reglar. 

Deltaking 
Ein spelar kan spele på fleire lag, men som hovudregel ikkje i same klasse. Turneringsleiinga (sjå under) kan innvilge unntak med bakgrunn i praktisk gjennomføring av turneringa, fair play og grunngjeven søknad. Eks. har meldt på 2 lag men har berre 1 keeper. 

Kampane vert spelt slik: 

Innleiande kampar Ulstein Arena 
J13: 1 omgang x 15 min 
J14: 1 omgang  x 15 min 
J16: 1 omgang x 25 min 
J18: 1 omgang x 25 min 
J20: 1 omgang x 25 min 

5 minutt pause mellom kamper 

Kampar i Ulsteinhallen: 
J/G9: 1 omgang x 13 min (Turnering 4 kampar kvart lag) 
J/G10: 1 omgang x 15 min (Turnering 4 kampar kvart lag) 
J/G11: 1 omgang x 15 min 
J/G12: 1 omgang x 15 min 

NB! J/G9 og J/G10 vert spelt på laurdag. 


Sluttspel: 
Semifinalar som innleiande kampar frå 12 år. 

Bronsefinale og Finale: 
J/G12: 2. omgangar x 15 min 5 min pause 
J13: 2 omgangar x 15 min med 5 min pause 
J14: 2 omgangar x 15 min med 5 min pause 
J16: 2 omgangar x 20 min med 5 min pause 
J18: 2 omgangar x 20 min med 5 min pause 
J20: 2 omgangar x 20 min med 5 min pause 

Trekking 
Lag som trekker seg etter påmeldingsfrist eller etter kampoppsett er publisert må rekne med å betale gebyr på kr. 1300.- 
Lag i respektive pulje må på regne med Walkover (WO) ved trekking. 

Kampregistrering 
Alle kampar vil førast med elektronisk kampregistrering i Profixio. Det er viktig at lag legger inn korrekt spelarstall til kvar kamp. 
 
Avkast 
Laget som står oppført først i kampoppsettet stiller til venstre sett frå sekretariatet, med godkjent ball og har avkast. Bortelag har reserveball. 
 
Poeng 
2 poeng for seier
 1 poeng for uavgjort
 0 poeng for tap
 
 Står to eller fleire lag likt i poeng avgjerast rekkefølga slik: 
  1. Poengforskjell i innbyrdes oppgjer
  2. Målforskjell i innbyrdes oppgjer
  3. Flest scora mål i innbyrdes oppgjer
  4. Målforskjell i alle spelte kamper
  5. Flest scora mål i alle spelte kamper
  6. Loddtrekning

Uavgjort i sluttspelkamp

Ved uavgjort i sluttspelkampar skal det spelast "Sudden death" inntil 3 min. Ved ingen mål etter 3 min, skal det spilles "Sudden death" inntil nye 3 min.

Kven som startar med ballen i ekstra omgangane avgjerast med loddtrekning, der ein lagleiar frå kvart lag deltar.

Ved ingen mål etter dette, avgjerast kampane slik:
Klasse J/G 12 år: Loddtrekning (ein lagleiar frå kvart lag deltar)
Klasse J/G 13 - 16: 7m-kast (Først tre kast kvar, deretter eit og eit)

Timeout
Under Ulstein Cup 2021 gjelder ikkje ordinære timeout-reglar. Dommarane vil praktisere svært avgrensa bruk av timeout. Stopping av tid brukast berre ved situasjonar som krev dette; skada spelar, påverknad av resultat og liknande.

Draktkollisjon
Dersom det oppstår draktkollisjon skal laget som står oppført sist (bortelag) skifte drakt. Vestar kan  brukast og eventuelt lånast av arrangør.

Jury
I tilfelle protest, så er det etablert ein jury - som vurdera protest og av gir dom. Protest må leverast straks etter kamp til sekretariatet.

Juryen består av ugilde medlemmar som ikkje har ansvar for noko deltakande lag.

Premiering
Alle deltakarar får utdelt t-skjorte.
J/G 9 og 10 år får deltakarpremie.
Pokal for vinnarlag  J/G 12 år
Pokal for vinnarlag finalar J13,14 ,16, 18 og 20 år.

Klister
Klister er berre tillat frå klasser 16 år.

Bruk av klister er tillat i gjeldande områder i hallen; det vil sei at påføring og fjerning av klister skal skje i området ved innbytteområdet idrettshallen. Det er for eksempel ikkje tillat å påføre klister på ball eller spelar i felles områder eller garderobe, eller bruke ball påført klister i felles areal eller garderobe.

Leiar for laget er ansvarleg for at hallens reglement vert overhaldt.

Det er ikkje tillat å påføre klister på sko eller kropp.

Brot på desse reglane vil føre til bortvising frå banen. Spelar kan ikkje entre banen før klisteret er fjernet. Misbruk kan medføre bortvising frå hallen og turneringa, samt erstatningsplikt for reinhald frå halleigar.

Tjuveri
Pass på at personlege eigedelar har tilsyn.
All oppbevaring i garderobe etc. skjer på eige ansvar. Garderobane er ulåste.