post image
TURNERINGSREGELEMENT
 
Spelarar
Kvart lag kan delta med 12 spelarar pr kamp. Ein spelar kan i turneringa ikkje delta på meir enn eit lag i kvar årsklasse. Dispensasjon gjeve iht. regelverket gjeld, og må kunne visast fram ved forespørsel.

Spelereglar
Turneringa spelast etter NHF`s spelereglar.

Unntak: 
  1. På grunn av turneringa si tidsramme er det ikkje tillatt med lagstime – out i kampane. Ingen time-out ved utvisningar eller 7-meter-kast. 
  2. Vi har ikkje finaler eller sluttspel for lag under 13 år.
  3. Lag som deltek på dispensasjon (med overårige spelarar) kan ikkje delta i finale/sluttspel.
  4. Vi følgjer hovudprinsippa til NHF for å rangere laga ved like mange poeng etter innleiande serie. Ved uavgjort resultat i sluttspel blir kampen avgjort ved loddtrekning for avkast. Ender ein kamp uavgjort i finalespel vert det lagt til 5 ekstra minutt.  Står det framleis uavgjort etter dette, skal kampen avgjerast med “stein, saks, papir”.
  5. Lag som ikkje er på plass til tidsdpunktet kampen er annonsert taper kampen.

Avkast/draktlikhet
Laga må være klar på bana 5 minuttar før kampstart. Dommar blåser kamp i gang ved oppgitt tidspunkt for kampstart. 

Bortelag skifter drakter ved draktlikhet. Det er laga sitt ansvar å sjekke dette i god tid før kampstart. Det vil være overtrekksvestar ved kvart banesekretariat dersom draktlikhet ikkje kan unngåast. Heimelag stiller med kampball og har avkast.

DRAKTFARGER på spelande lag 2021: 
Klubb | Draktfarge
Årstad | Blå
Bjarg, IL | Blå
Bremanger IL | Rød
Eikefjord | Oransje
Fana IL | Rød
Florø SPKL | Blå
Fyllingen Håndball | Gul
Førde IL | Kvit
Gneist, IL | Kvit
Jølster IL | Grønn
Mauseidvåg IL | Grønn
Os TF | Gul
Sogndal IL | Kvit
Solund IL | Blå
Spjelkavik | Rød
Stryn TIL | Rød
Syril, IL | Gul


Gruppespel
I gruppespelkampar starter førstnevnte lag (heimelag) til venstre for banesekretariatet. Førstnevnte lag stiller også med kampball, og har avkast.

Sluttspel
I sluttspelkamper starter førstnevnte lag til venstre for banesekretariatet, men avkast avgjerast ved loddtrekning tatt av dommarane før kampstart. Førstnevnte lag stiller også her med kampball. 


Jury 
Vestkystcup oppnevner ein turneringsjury med arrangørens representant som leiar. I tillegg består juryen av 2 representantar frå gjestande lag.

Leiar: Ainor Naustdal
Medlem : Kjell Hovland 
Medlem : Ole Bernt Solheim
Juryen behandler eventuelle protestar umiddelbart. Juryens avgjerdsle er endeleg.

Protestar
Protest må leverast juryen seinast 30 min etter kampslutt. Gebyr for innlevering av protest er kr 500,- og dette må innbetalast saman med protesten.

Klister 
Det er berre i klassane J/G 15 og eldre det er lov å bruke klister. Det er lov å bruke vannbasert klister.

Puljene spelast slik: 
Kampoppsett finnast her: TBA

Baner
Kampane spelast på 3 baner.  
Bane 1: Handballhallen  
Bane 2: Fotballhallen der det er lagt handballdekke
Bane 3: Florahallen

Informasjonstavler:
På vegg i hovudsekretariat og tavler i Foaje heng nødvendig informasjon for cupen.  Kampresultat vil visast på skjermar i Foaje. Last gjerne ned gratis PROFIXIO-app.  Der blir endringer og resultat oppdatert kontinuerlig.