TURNERINGSREGELEMENT
 
Spelarar
Kvart lag kan delta med 14 spelarar pr kamp. Ein klubb kan stille fleire lag i ein årsklasse, men ein spelar kan ikkje delta på meir enn eitt lag i kvar årsklasse. Dispensasjon gjeve iht. regelverket gjeld, og må kunne visast fram ved spørsmål.

Spelereglar
Turneringa vert spelt etter spelereglane til NHF. 
Vi har såleis ikkje finalar eller sluttspel for lag under 13 årsklassen

Unntak: 

  1. Grunna  turneringa si stramme tidsramme er det ikkje tillate med lags-time-out i kampane, og  heller ingen time-out ved utvisningar eller 7-meter-kast. 
  2. Lag som deltek på dispensasjon (med overårige spelarar) kan ikkje delta i finalar eller sluttspel.
  3. Vi følgjer hovudprinsippa til NHF for å rangere laga ved like mange poeng etter innleiande serie. Ved uavgjort resultat i sluttspel vert kampen avgjort ved loddtrekning for avkast. Endar ein kamp uavgjort i finalespel vert det lagt til 5 ekstra minutt.  Står det framleis uavgjort etter dette, skal kampen avgjerast med myntkast.
  4. Lag som ikkje er på plass til tidsdpunktet kampen er annonsert til vil tape kampen.


Avkast/like drakter
Laga må vere klare ved bana 5 minuttar før kamp startar. Dommar bles kampen i gang ved oppgitt tidspunkt for kampstart. 

Bortelag bytter drakter om laga har like drakter. Det er laga sitt ansvar å sjekke dette i god tid før kampstart. Der vil ligge overtrekksvestar ved kvart banesekretariat dersom like drakter  ikkje kan unngåast. Heimelag stiller med kampball og har avkast.


Gruppespel
I gruppespelkampar startar førstnemnde lag (heimelag) til venstre for banesekretariatet. Førstnemnde lag stiller også med kampball, og har avkast.

Sluttspel
I sluttspelkamper starter førstnemnde lag til venstre for banesekretariatet, men avkast vert avgjort ved loddtrekning gjennomført av dommarane før kampstart. Førstnemnde lag stiller også her med kampball. 

Jury 
Vestkystcup nemner opp ein turneringsjury. Arrangøren sin representant står som leiar. I tillegg har juryen av 2 representantar frå gjestande lag.

Juryen behandlar straks eventuelle protestar. Avgjerda til juryen er endeleg.

Protestar
Protest må leverast juryen seinast 30 min etter kampslutt. Gebyr for innlevering av protest er kr 500,- og dette må innbetalast saman med protesten.

Klister 
Det er berre i klassane J/G 15 og eldre det er lov å bruke klister. Det er berre lov å bruke godkjent vannbasert klister.

Puljene og kamparena vert annonsert i god tid men kan verte endra, så følg med på Profixio-appen eller på infotavlene.

Informasjonstavler:
På vegg i hovudsekretariat og tavler i Foaje heng nødvendig informasjon for cupen.  Kampresultat vert viste på skjermar i Foaje. Last gjerne ned gratis PROFIXIO-app.  Der vert endringer og resultat oppdatert kontinuerlig.

Speletider: (Merk: ekstra lange speletider. Vi tek eit atterhald om kutting av sideskifte og pause dersom vi kjem i tidsnaud.)
J/G 9år og J/G 10 år (f.):  5-ar handball, fire ute pluss målvakt på kortbane: 1 x 20 min.
J/G 11år og  J/G 12 år:  6-ar handball, fem ute pluss målvakt på stor bane: 1 x 30 min.
J/G 13år og J/G 14 år: 1 x 30 min.
J/G 15 år og J/G 16 år: 2 x 20 min. 

Kampar og sluttspel: Alle lag får spele minimum 4 kampar. Innleiande kampar går normalt i to puljer, der vinnarane går vidare til finale og nummer to til bronsefinale. Dei andre spelar  plasseringsspel. Har vi berre ei pulje møtest nr 1 og to til sluttspel-finale og dei andre til plasseringsspel. To små årgangar kan verte plasserte i same pulje om dette går i høve til alder..