Welcome to

VoldaCup 2022

September 23-25
Handball Cup for gutar og jenter 9-14år
My registrations 0
30 teams registered in 12 categories

VoldaCup 2022 is finished

Articles 4

KAMPOPPSETT
Hei igjen :-) ! 
Kampoppsett er no sendt ut på epost. 
Gjer vèl og ta kontakt på [email protected] om ikkje du har mottatt den. 

Grunna nybegynner i profixio, samt mange hensyn vi ønskte å ta hensyn til, vart oppsettet lagd manuelt i excel, og sendt ut per epost. 

Mvh Styret for VoldaCup 2022
Det nærmer seg :-)
 
Hei alle! 

Vi har vurdert fram og tilbake om vi burde/skulle avlyse, fordi det dessverre berre er 28 påmelde lag. 

MEN, det betyr at det er om lag 300 born som gler seg til å få spele handball igjen, og DET gir motivasjon til å skape ein bra cup i flotte rammer. Det vert fokus på kjekk aktivitet både på og utanfor bana!! Så VELKOMNE!! Dette vert gøy! ENDELEG cup/kamp igjen!! :-D 

 

På grunn av glissen påmelding må vi slå saman nokre klasser på tvers av alder og kjønn. Håper dette er greit for alle, og håper trenarar tek hensyn der ein ser at det bør justerast. 

 

Kampdagane vert laurdag og søndag, ikkje fredag. Overnatting fre-lør utgår difor, og vi ber lag som har meldt på til 2 overnattinger om å kontakte oss, så skal vi få ordna opp i det. 

Kampoppsettet er under arbeid, og vert lagt ut i løpet av helga.  

post image
Utvida påmeldingsfrist til 7.september!!
ca 20 lag frå ulike klubbar har meldt seg på innan fristen. I nokre klasser har vi få lag påmeldt og det hadde vore kjekt om vi fekk nokre påmeldingar til. Vi utvidar difor påmeldingsfristen.

Hiv dykk rundt, dette blir kjekt!!
Velkommen til VoldaCup 2022
 
                                               for Gutar og jenter 9-14år 

                  Vi ynskjer deg og laget ditt velkomen til VoldaCup
                                                23.-25. september 2022.
 
Volda handball har gleda av å invitere til handballcup i den nye flotte hallen vår.
 Hovudfokuset vårt denne helga er at alle lag skal få ei strålandes handballoppleving på og utanfor bana. Dette vert ei god og kjekk oppvarming til sesongstart.
 
Vi har gode fasilitetar i hallen med fleire kioskpunkt, kafeteria, grilltelt og aktivitetssal med mellom anna air-track. I hallen legg vi opp til aktivitetar og små konkurransar til underhaldning mellom kampane. Laurdagskvelden vert det kveldsarrangement. 
 Høgskulekantina som ligg rett ved hallen serverar sunn og næringsrik mat til dei som har måltid inkludert i deltakarkorta.   
 
 
                                                  Fyrstemann til mølla!* 
                                                         Dette vert gøy!
 

Klasseinndeling: Antal spelarar, speletid og påmeldingsavgift
Alle lag får spele minimum fire kampar.
 
Jenter/Gutar f. 2012 og 2013:  5 spelarar 1x17 minutt       (kr. 1000,-) 

Jenter/Gutar f. 2010 og 2011 : 6 spelarar 1x17 minutt        (kr. 1000,-)
 
Jenter/Gutar f. 2008 og 2009: 7 spelarar 2x13 minutt       (kr. 1500,-)    Sluttspel!
 

Påmelding
Påmelding via Profixio. Link her: 
 Påmeldingsfrist: 1.september.
 Betal påmeldingsavgifta via Profixio.’
Lag som trekk seg etter 5.september, får ikkje refundert påmeldingsavgifta. 
 Ved kansellering vert avgift og andre kostnadar refundert.
 
 
Deltakarkort
bestillast og betalast via Profixio
 Bestillings- og betalingsfrist: seinast 1.september.

 Alle spelarar må betale for minimum D-kort. 
 Deltakarkorta betalast samla for laget via Profixio, seinast 1.september.
 

Type kort/pris: inkludert 

A-KORT
/ kr. 1000,- : Overnatting fredag til søndag. 5 måltid (kveldsmat fredag, frukost-middag og kveldsmat laurdag, frukost søndag). Underhaldning og cup t-skjorte. 
 Ein trenar/lagleiar er inkludert pr lag.
 
 
B-KORT / kr. 600,- : Overnatting laurdag til søndag. 3 måltid (Middag og kveldsmat laurdag, frukost søndag. Underhaldning og cup t-skjorte. 
Ein trenar/lagleiar inkludert pr lag.
 
 
For både A - og B - kort, er ein lagleiar inkludert. Øvrige lagleiarar bestiller deltakarkort på lik linje med spelarane.
 
 
C-KORT /  kr. 400,- : Middag laurdag. Underhaldning og cup t-skjorte. 
 
D-KORT / 250kr: Underhaldning og Cup t-skjorte. NB! Alle spelare må ha minimum D-kort.


Facebook

Følg turneringa på Facebook:  https://www.facebook.com/voldacup
 
 
Reglement
Turneringa vert spelt etter NHHF sine spelereglar og turneringsreglement.
 
Unntak: 1) Ingen lagstime-out. 2) Ingen time-out ved utvisningar. Dommarane vurderer om det er nødvendig med stopp av speletid. 3) Kvart lag kan stille med inntil 14 personar. 4) Det er kun høve til å spele på eitt lag i same klasse.
 
 
Overnatting
Overnatting for spelarar : Volda Campus Arena (VCA) og evt skulane i sentrum med gåavstand til hallen.
Overnatting for foresatte og andre:
Volda Hostell (941 68 933)
Volda Turisthotell (70 07 70 50 )  
 
 

Servering
I kantina på Høgskulen som ligg rett ved hallen, vert det servert næringsrik og god mat til alle våre deltakarar som bestiller mat gjennom dei ulike deltakarkorta.

Kioskpunkt og kafeteria i hallen. Grilltelt utanfor.
 
NB! Husk å melde fra om eventuelle allergier. Send epost til turneringsleiar.
 
 

Kontakt oss gjerne
 

Turneringsleiar: Linda Engjaberg 977 90 657 [email protected]
Solveig Storeide 905 65 727

Volda handball logo.png 4.24 KB

Download