Welcome to

Voss Handballcup 2025

152 matches, 76 teams
April 25-27
My registrations 0
Matches 152
76 teams registered in 8 categories

Voss Handballcup 2025 is finished

76
teams
152
matches played
820
goals scored
Register Results

Articles

HEI ALLE LAG, VELKOMNE TIL VOSS HANDBALLCUP 2025

  
Kampoppsett for turneringa er lagt ut på Profixio. Følg med på eventuelle endringar som kan koma heilt fram til cupdagen. I år er det 76 lag med jenter og gutar i klassane 9 til 12år. Nytt i år er at me testar ut dagscup på sundagen kl 10:00-13:30 for alder 6-8 år, dei spelar på Voss ungdomsskule. Hovudturneringa vert gjennomført i Voss idrottshall (hallen) og på Voss Gymnas. Kampane vert spela fredag frå kl 16:30 – 21:50, laurdag kl 07:30 – 20:50 og sundag kl 07:30 – 14:30. Under Voss Handballcup utdannar me eigne dommarar. Me oppmodar om at trenarar, lagleiarar og foreldre tek omsyn til dette under kampane.  
 
Det er tett program og difor viktig at alle møter i god tid til kampar for å unngå forseinkingar.  
Hugs å starta turneringa med å sjekka inn i Voss idrottshall. 
  
Overnatting vert på Voss ungdomsskule og Voss Gymnas. All matservering i regi av cupen vil skje på Voss Gymnas. Det er IKKJE parkering ved Voss Ungdomsskule. Det er offentleg parkering fleire stader i sentrum, i Voss Parkeringshus (Vossapark), ved Voss gymnas og Voss idrottshall. Det er ei god løysing å reisa til cupen med tog eller buss til Voss. Kart over området finn de lengre nede i dokumentet. 
 
FORSVARSREGEL: 
For klassane 2015-2013 (9-11 år) gjeld forsvarsregel i vedlegg 3, alt forsvarsspel skal vera ball- og ballbaneorientert. 
 
FYRSTEHJELP: 
Alle lag må ta med seg tape og isposar sjølve.  
 
AVFALLSSORTERING: 
I 2025 vil Voss handballklubb i samarbeid med Ragn-Sells sortera avfallet med produserar på vår cup for eit bedre fotavtrykk og eit betre miljø, takk for at du sorterar ditt avfall. Me sorterar i 4 fraksjonar, restavfall, plast, papp og matavfall. Sjå meir info i vedlegg 2. 
 
BETALING
All betaling skjer gjennom Profixio. Dersom de har problem, send e-post til [email protected]  
Alle med deltakarkort har gratis inngang i hallen, medan alle andre må betale inngang i hallen. 
  
INNSJEKK
All registrering/ innsjekk skjer i sekretariatet i Voss idrettshall. Der vil de få informasjon om overnatting, og me deler ut deltakarkort og premiar lagvis. Same stad må de avtala tidspunkt for bading i Vossabadet for dei som har bestilt dette gjennom Profixio (sjå meir info i neste punkt). Me opnar for registrering i hallen kl 15:30 fredag, og ein kan sjekke inn på skulane frå kl 17:00 fredag. Det vil vera sekretariat i gangen i hallen under heile turneringa. Dei vil hjelpa med spørsmål kring turneringa. 
 
BADING: 
Me tilbyr også bading i Vossabadet i år. For at Vossabadet skal ha kontroll på kor mange som badar samstundes, de skriva dykk på lister i cup-sekretariatet i hallen, og IKKJE møta opp direkte i Vossabadet. De får 1 gratis besøk i badet på deltakarkortet. Dersom de ynskjer fleire turar må de betala for det sjølve. Reglar: Vossabadet krev at det er 1 vaksen pr 3 barn, desse vaksne går inn gratis. Dei «gratis vaksne» må ha på badeklede og vera i bassenget. Dei vaksne har ansvar for at deira gruppa dusjar nakne før bading, er effektive i garderoben og held badetida, slik at alle får nytta si badetid. Dersom det er fleire vaksne som vil vera med og bada, må dei betala vanleg pris ved inngang. Laget har sjølv ansvar for å stilla med nok vaksne. Spelarar som er fylt 12 år, og kan symja, kan bada aleine. Meir info: https://vossabadet.no/badereglar/   
 
DISKOTEK: 
Laurdag kveld kl 19:30-22:00 er det diskotek i Vangsgryto (kart lengre nede). Kvart lag må ha med ansvarlege vaksne. 
   
OVERNATTING
Overnatting er inkludert for dei som har kjøpt B - kort. Det vert overnatting i klasserom ved Voss Ungdomsskule og Voss Gymnas. Det er berre lov med enkle oppblåsbare madrasser, elles vert det ikkje plass til alle i klasseromma. Fordeling mellom skulane skjer på bakgrunn av plassbehov. Det er ikkje lov å laga mat på skulane, eller nyta alkohol eller andre rusmiddel. Det vil vera kontinuerleg vakthald på alle overnattingsstadane. Ytterdøra vert låst når siste kamp er ferdig, vaktene sit ved/nær inngangsdøra. Utsjekk frå rom skal skje seinast sundag klokka 11:00. Klasseromma skal vera rydda og pultane skal på plass før avreise. Ta bilete av klasserommet når de kjem, så veit de korleis pultane skal stå. Det er strengt forbode med bruk av ball inne på skulane. 
  
MAT
Alle med deltakarkort vil få servert middag laurdag (kl 15-18). Dei med B-kort vil i tillegg få servert frukost laurdag og sundag frå klokka 07 - 10.  Det er mange som skal få servert frukost og middag, så det vert kø. For å redusera ventetida, er det fint om alle ryddar etter seg og går ut av kantina så fort dei har ete seg mette. Hugs å ta med deltakarkorta (armbånd) for kontroll. Det vil også vera kiosk/kafè i hallen. Der sel me frukt, nudlar, vafler, bollar, pølser, kaffi, brus, vatn og snop. Det vil det vera mogleg å kjøpa hamburger, pommes frites og pølse i mattelt utanfor Voss Idrottshall. For dei som vil handla mat sjølv er næraste butikk Kiwi i Uttrågata, som ligg 3 min gange frå Voss ungdomsskule, og 5-6 min frå Voss idrottshall. Den er open frå kl 7-23 fredag og laurdag. Om nokon har særskilte behov på matfronten, gje beskjed snarleg på [email protected]
 
 
Køyr forsiktig og velkomne til cup! 
  
Med venleg helsing  
Voss Handballklubb  
 
 
 
VEDLEGG: 
  1. Tidsskjema og kart 
  2. Informasjon om avfallssortering 
  3. Regel forsvarsspel 
  4. Rabatt hjå våre samarbeidspartnarar 
 

 
Vedlegg 1 
 
VOSS HANDBALLCUP 2025 
Kva skjer, kor tid og kor: 
 
Kva  | Kor tid  | Kor 
Innsjekk og utlev. av deltakarkort  | Frå kl.15.30 (skulane er klare frå kl. 17.00)  | I Cupsekretariatet i inngangen i  Voss Idrottshall 
Frukost laurdag  | Kl. 07.00 – 10.00  | Kantina på Voss Gymnas 
Middag laurdag  | Kl. 15.00 - 18.00  | Kantina på Voss Gymnas 
Bading  | Fredag 18.30 - 21.00 Laurdag 11.00 – 18.00 Sundag 11.00 -18.00  | Vossabadet 
Diskotek  | Laurdag kl.19.30 – 22:00  | Vangsgryto i kjellaren i Sosialbygget 
Frukost sundag  | Kl. 07.00 – 10.00  | Voss Gymnas 
Utsjekk  | Sundag innan kl. 11.00  | Kontakt vaktane på overnattingsstaden  
 
Kart over turneringsområdet
 
 

 
Vedlegg 2 
Informasjon om avfallssortering
 
 
I samarbeid med Ragn-Sells sorterar me i desse 4 fraksjonane på Voss handballcup. Du gjer ein viktig jobb for miljøet med å hjelpa oss å halda cupen rein og ryddig. 
 
 
 
  
  
  

Download

INVITASJON VHC 2025


Velkomne til ei kjekk handballhelg på Voss:
Voss Handball Cup 25. - 27.april 2025 
 

 

Arena 
Kampane for dei eldste klassane vert spela i Voss Idrottshall eller Voss Gymnas, midt i Voss sentrum, frå fredag til sundag. Fyrste kamp i begge hallane er fredag kl 1630, og dei siste kampane vert ca kl 1600 på sundag. Oppstart om morgonane og avslutning på kvelden vert bestemt når me veit kor mange lag som melder seg på. Sjå reglane for meir informasjon. 

 

Klasseinndeling (klassar for sesongen 24-25) 
Klasse 9år - jenter/gutar     | Fødd etter 1.1.15 - 4. klasse
Klasse 10år - jenter/ gutar  | Fødd etter 1.1.14 – 5. klasse
Klasse 11år- jenter/ gutar    | Fødd etter 1.1.13 – 6.klasse
Klasse 12år- jenter/ gutar   | Fødd etter 1.1.12 – 7.klasse 
 

Premiering 
Alle årsklassar: deltakarpremie. Det vert ikkje sluttspel sidan me berre har klassar som spelar barnehandball.  
 
Spelesystem
Sjå reglar for cupen.

Overnatting
Me tilbyr overnatting på Voss ungdomsskule eller Voss Gymnas. Dersom de ynskjer alternativ overnatting, og overnatting til andre som vert med til Voss kan de gjerne nytta denne nettsida for booking: www.visitvoss.no    
 
Vossabadet 
Me tilbyr 1 tur gratis bading i Vossabadet i cup-helga. Vossabadet krev at det er 1 vaksen pr 3 barn, desse vaksne går inn gratis. Dei «gratis vaksne» må ha på badeklede og vera i bassenget. Dei vaksne har ansvar for at deira gruppa dusjar nakne før bading, er effektive i garderoben og held badetida, slik at alle får nytta si badetid. Dersom det er fleire vaksne som vil vera med og bada, må dei betala vanleg pris ved inngang. Laget har sjølv ansvar for å stilla med nok vaksne. Spelarar som er fylt 12 år, og kan symja, kan bada aleine. Bading må bestillast i Profixio på førehand slik at me sikrar badetid til alle. 
 
Badereglar frå Vossbadet finn de her: Vossabadet Baderegler | Trygg og Hyggelig Svømmeopplevelse 
 
Deltakarkort
A-kortet (kr. 600,- for spelarar og 400,- for rabattert kort til 1 lagleiar pr lag) inneheld middag laurdagen, premiar, diskotek laurdagskvelden og ein gratis tur i Vossabadet rett ved hallen.

B-kortet (kr. 1050,- for spelarar og 800,- for rabatterte kort til 2 lagleiarar) inneheld det same som A-kortet, men i tillegg inkluderar dette overnatting på skule, samt frukost laurdag og sundag. NB! Oppmøte og registrering i Voss idrottshall fra kl. 15.30 fredagen.  
 
  • Lag som vil ha A kort har 1 rabattert lagleiarkort pr. lag, i Profixio heiter dette kortet A-lagleiar 
  • Lag som vil ha B kort får 2 rabatterte lagleiarkort pr.lag, i Profixio heiter dette kortet B-lagleiar 
Dersom lag med B kort ynskjer fleire vaksne må desse kjøpa kort med overnatting, desse heiter C-kort i Profixio, pris her er det same som B-kort for spelarar.
 
2 fristar du må hugsa på: 
  1. Påmeldingsfristen er 01.03.2025 eller når Cup’en er fullteikna. 
  2. Bestillingsfrist for deltakarkort/tjenester i Profixio samt betaling for dette er 10.03. 2025
 
Påmeldingsavgifta er kr. 1150,- pr. lag. Påmeldinga er gyldig når påmeldingsavgifta er betalt via Profixio. ALL BETALING GÅR VIA PROFIXIO, sjå link på www.vosshk.no og arkfana Voss HandballCup. 
Lag som trekker seg/ikkje fullfører turneringa får ikkje denne summen refundert. 
Me har sett grensa på tal lag i alle aldersklassane, slik at me prøver å få ei jamn fordeling mellom klassane. Dersom ditt lag hamnar på ventelista, vil me sjå på fordelinga etter 1. mars, for å sjå om det likevel er plass. 
Påmelding opnar 13.01.2025, sjå meir info på Vosshk.no når det nærmar seg. 
Dersom de har spørsmål om cupen kan det sendast e-post til [email protected] 

Kampoppsett
Kampoppsettet vil vera klart før påske og vert lagt ut i Profixio

All informasjon (også reglar) finn de på heimesida vår. www.vosshk.no  

 
VELKOMNE TIL VOSS!