INFORMASJON TIL LAG ANGÅANDE LAURDAG, parkering, lunsjpakke og streaming
Lunsjpakker:
Dette blir organisert slik at dei som startar første kampen sin i Førdehuset, skal hente lunsjpakken sin på Førde Ungdomsskule.
(Førde Ungdomskule er bak bygget på bane 1 og bane 2 – ein må gå ut av bygget)
Dei som har første kampen sin i Øyrane arena henter lunsjen sin der.

Parkering:
Vi får tilbakemelding at våre deltakarar på arrangementet, parkerar ved Rema 1000 som ligg rett ved sidan av Øyrane Arena.
Vi minner igjen om at ein helst må bruke beina (det er godt for helsa di), eller så må ein parkere ved Concordbygget- sjå kart lengre nede
Gjer vel å informer ditt lag og føresette om dette, så blir det kjekkare for alle.
Strømming
Vi har stømma 62 av 64 kampar i dag, vilt bra jobba av Oskar og Co i samarbeid med MyGame.
Vi reknar med at det blir meir utfordrande laurdag, då det er kort tid mellom kampane i sluttspelet, og all data vil nok ikkje nå fram i tide.
Sjåarande til MyGame må førebu seg på kampar med lagnamn null-null, men du må berre leite litt på alle kampen så finner du laget ditt.