INFORMASJON FRÅ ARRANGØR - KJEKT Å VITE
Vi gledar oss til NM19. Vi vil komme med noko fellesinformasjon her.

LAGLEIARMØTE
På lagleiarmøtert som skal vere i Øyrane Arena torsdag 21.15 vil vi komme med ytterlegare informasjon som: 

- dele ut t-skjortene som er bestilt. 
- Informere om logistikken kring utdeling av lunchpakker. 
- Informere om logistikken kring opningsseremonien i Øyrane arena som begynner 08:45.

Hugs at de må melde frå/ søkje til David Cox om de ikkje har høve til å vere der.

PARKERING
Det er ikkje høve til å parkere ved Øyrane Arena. For dei som kjem med bil er det mogeleg å parkere ved festplassen. Denne ligg like ved Førdehuset. Dei som har kampane sine i Førdehuset har gode parkeringmuligheter like ved arenaen. Laurdag og sundag blir det opna ein parkeringsplass like ved Øyrane Arena. Vi vil informere på lagleiarmøtet kor denne perkeringsplassen er. Frå hotella i Førde til dei ulike spelearenaene er det uansett gangavstanfd så behovet for å parkere ved hallen er ikkje stort for dei som bur på hotella. 

MIDDAG PÅ SCANDIC
Det er mange som har bestilt middag på Scandic. Det er lurt om de informerer hotellet om når de sånn ca kjem til dette måltidet; då er det lettare for planlegge logistikken.

OPPVARMINSBALLAR - FØRSTEHJELPSSKRIN
Alle lag må ha med oppvarmingsballar og førstehjelpsskrin.
Hugs å merke ballane godt