Nivå
 Ein melder på i det nivået ein meiner laget høyrer heime, frå 1 – 3, der 1 er best. Når påmeldinga er stengt vil det vere mogleg å sjå kva lag som er påmelde i kva nivå. Det vil då vere mogleg å bytte nivå om ein ser at ein har feilvurdert. Målet er at puljene skal vere så jevne som mogleg, og vi ber om ei realistisk vurdering av laget sitt nivå for å oppnå dette. 

Dersom det ikkje er nok lag i ei klasse forbeheld vi oss retten til å gjere endringar i forhold til nivå og klasse. Dette vil skje i dialog med dei laga det gjeld.