Sluttspel
 
Finalane vert avvikla i Loen på Nærbø. Her sørger arrangør for dommarar. Korleis sluttspelet vert sjåande ut kjem an på påmeldinga. I grove trekk vil dei beste laga frå nivå 1 og dei beste frå nivå 2 gå til A-sluttspel, medan dei nest beste frå nivå 2 og dei beste frå nivå 3 går til B-sluttspel. Kor mange som går vidare frå kvar pulje er avhengig av påmeldinga, og vert klart saman med kampoppsett. 

Alle lag skal spele finalane helga 15. – 17. mars/5. – 7. april på Nærbø, dersom ikkje laget har andre obligatoriske kampar, eller det er andre ting som gjer at store delar av laget er hindra i å spele.