Reglement
 
Reglement: 

Det vert spelt etter NFF sitt gjeldande reglement. Gule kort vert strøkne etter kvar kamp, rødt kort medfører minst éin kamp karantene. Heimelaget har ansvar for å melde inn røde kort saman med resultat. 

Ein turneringsjurye, leia av Jan Reiestad, har siste ord dersom det er usemje om tolking av reglar, konsekvensar av røde kort osv. 

Det er ikkje tillate med lånespelarar. 

Spelar på veg til anna klubb kan søkast om til oss, dersom tidlegare klubb gir midlertidig spelegodkjenning (p.g.a. speleforsikring ved evt. skade).  

Dersom eit lag uteblir frå éin kamp vert resultatet 3 – 0 til det andre laget. Dersom eit lag uteblir frå meir enn éin kamp vert det rekna som om laget har trekt seg, og alle laget sine resultat blir strøkne. 

Av omsyn til dei andre laga vert det forventa at alle strekker seg for å greie å stille til kamp til oppsett tidspunkt. 

Alle lag skal kunne stille med bane i forsvarleg stand til sine heimekampar. 

Dersom lag har lik draktfarge skal laget som står oppført sist i kampprogrammer bytte drakt eller nytte vest. Bortelaget har sjølve med vest. 

Speletid: 

13 og 14 år: 2 x 35 min 

15 og 17 år: 2 x 40 min 

Junior/senior: 2 x 45 min 

Ved uavgjort i finalespelet vert det spelt ekstraomgangar på 2 x 5 min «golden goal», og evt. påfølgande straffespark med fem straffer. Om det framleis er uavgjort vert kampen avgjort med ei og ei straffe.